Da har eg enda mitt 24. år... Hurra for meg! Egentleg kan vel gebursdagen kallast eit "personleg nyttår". Og kva vil nå mitt 25. år bringe? Lykke, hell og mykje kjærlighet! Det høyrdest vel flott ut! Så eg seier: JA TAKK!
Som seg hør og bør vart denne bragden feira med eit ganske moderat selskap på sjølvaste dagen. (2. februar) og vidare 3 dagar til ende! Eg skal ærleg innrømme att eg tykjer det er veldig kosleg å få gjordt stas på dagen sin, men eg liker ikkje så godt å gjere det sjølv.
Etter eg vart "vaksen" føler eg det blir litt feil å sjølv invitere folk heim for å feire meg. Det blir som att eg gjer stas på meg sjølv... Nei...
Derfor har eg løyst det på den måten att eg lagar ei enkel kake, steller huset, kjøper inn litt kaffemat og diverse i tilfelle nokon kjem. Eit par forsiktige innbydelsar hender det seg att eg sender da. Melding til mamma med spørsmål om ho vil koma på kaffe den dagen, eller kansje ein anna dag. Heldigvis er det mange som sender ei melding med spørsmål om eg er heime å om eg har kaffe. Det er egentleg det eg tykjer er trivligast. Når folk velger å dukke opp av eigen fri vilje, å ikkje fordi dei føler dei ikkje kan takke nei til ein invitasjon. Blir liksom meir ekte da!
Eg er heller ikkje så glad i store selskap med mykje folk. Da blir det så fult, selskapet blir splitta og lite personleg. Derfor blir det fort feiring over fleire dagar. Nokon kjem da, og nokon då. I år var ikkje unntak. På sjølve dagen kom svigers, mamma og pappa. Pluss syster til Jo med kjæresten og tanta mi (Åse)! Ein veldig grei kombinasjon egentleg. Mamma og Åse har veldig god humor, og er sjelden veldig særiøse. Det hjalp ikkje på att Åse klare å tryne da ho og mamma var på tur opp vegen om kvelden! Ein del latter rundt det for å si det mildt! Eg har det så artig når dei kjem sammen!
Kombiner dette med ei god motsettning, mine svigerforeldre. De har ein god sans for humor, men samtidig liker ein heftig diskusjon eller ein meir "sofistikert" samtale! Så når dei prøvde vere særiøse å prøve få i gang ei samtale, så kom det ein eller anna rar kommentar frå Åse, og det heile vart fort berre komisk! Akurattt slik eg likar det! Uhøgtideleg og morsomt, men samtidig triveleg!
Dagen etter kom Brodern med familie og Ole med familie. (Ole er sønnen til Åse, derfor mitt søskenbarn. Han er også nærmeste nabo...) Litt meir barneselskap med Vesle gulle, Mathias og jentene på Ripstrond. Mykje triveleg prat og ellers ein del tull... (Ole er veldig lik mamman sin når det kjem til samtaler... Lite særiøst!)
Nå venter eg berre på "siste pulje"! Simen, Mina og Helma ville ta turen i helga, og eg regnar med det blir like kosleg denne gongen som alltid! :-D
Det har også vorte ein del fine gaver! Kjempe fine "fuglehus"-lykter frå Sør Fron, lilla pledd frå Ripstrond, bestikk frå Åse, kjele-sett frå Brodern m/fam og pappa, ei artig krukke frå bestemor til Jo, penger til ikea-tur frå mamma og ikkje minst ei hærleg Devold-trøye frå svigers! Det er gode plagg det!
Jo var i det romantiske hjørnet, og dukka opp med ein bukett med roser! ^^
Som vanleg blir eg så oppslukt i selskapet, att bilder ikkje er i tankene mine. Men litt av gavene har eg vertfall...



Så til "akuratt nå".
Nå sit eg i sofaen med ein god kopp kaffe og tittar ut på det fine været og planlegg resten av dagen. Den skal være veldig innholdsfattig! Eg vil ha ein skikkeleg koselaurdag! Lang borte på isen, ser eg skyggar av Vågås største ungar, som leikar seg med bilane sine på isbana for 3. helg på rad. Artigt for vaksne og unge, jenter og gutar som har ein svakhet for å leike seg med bil, att dei har fått ei slikt fantastisk tilbud om isbane-kjøring. Ute daler lette snøflak frå himmelen, fortsatt, som det har gjordt i over eit døgn. Jo måtte naturleg nok ut med traktor for å finne vegen under all snøen. Men med ein utetemp. på -10 grader og innetemp. på over 20, så skal ein ikkje klage. Dette er ekte vinter!!



Og etter ekte vinter, bør det komme ekte sommer...? Det er naturleg, eller...?
Ha ein knallfin vinter-laurdag alle i hop!! :-D
Venleg helsing frå ein bittelitt eldre og bittelitt klokare
~Svanse~
BTW: I'm growing older, not up...!